Sørlege e-mål er dialektane i Aust-Agder med tilgrensande område av Vest-Agder og Telemark og Søre Østfold. Dei har endinga -e i infinitiv (kaste, vere) og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord (jente). Desse dialektane blir av mange språkforskarar rekna som ei undergruppe av vestnorsk, jamfør til dømes Sandøy (2002).
Bibliografi Sandøy, Helge 2002. Norske dialektar. S. 101–136 i Vårt eget språk, red. av Egil Børre Johnsen. Oslo: Aschehoug.
Kategori:Norske målføre Kategori:Aust-Agder fylke