Frank Vincent Zappa () var ein amerikansk komponist, gitarist, plateprodusent og filmregissør. I løpet av ein karriere på over 30 år skreiv Zappa rock, jazz, elektronisk musikk, orkestermusikk og musique concrète. Han regisserte òg fleire filmar og musikkvideoar, og designa plateomslag. Zappa produserte sjølv nesten alle dei over 60 albuma han gav ut med bandet Mothers of Invention og som soloartist.

I tenåra fekk han smak på perkusjonsbaserte avantgarde-komponistar som Edgard Varèse og rhythm and blues-musikk frå 1950-åra. Han begynte å skrive klassisk musikk på vidaregåande skule, samstundes som han spelte trommer i eit R&B-band. Seinare begynte han å spele elektrisk gitar. Han var ein sjølvlærd komponist og artist, og dei mange musikalske inspirasjonskjeldene førte til at han skapte musikk det ofte er vanskeleg å kategorisere. Debutalbumet hans i 1966 med Mothers of Invention, Freak Out!, var ein kombinasjon av vanlege rockesongar, improviserte songar og studioskapte lydbilete. På seinare album nytta han denne eksperimentelle tilnærminga uansett om songane var baserte i rock, jazz eller klassisk. Han skreiv tekstane til alle songane sine, som ofte var humoristiske syn på samfunnet og politiske prosessar, strukturar og rørsler. Han var sterkt imot vanleg utdanning og organisert religion, og var ein oppriktig og lidenskapleg talsmann for ytringsfridom og avskaffing av sensur.

Zappa var ein særs produktiv artist. Mange av albuma hans vert rekna som essensielle i rock- og jazzhistoria, og han vart rekna som ein av dei mest originale gitaristane og komponistane på si tid. Han hadde ein viss kommersiell suksess, særleg i Europa, og det meste av karrieren sin kunne han arbeide som ein sjølvstendig artist. Zappa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995, etter han var død, og fekk Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.

Zappa var gift med Kathryn J. «Kay» Sherman frå 1960 til 1964. I 1967 gifta han seg med Adelaide Gail Sloatman, som han var gift med til han døydde av prostatakreft i 1993. Dei hadde fire born: Moon Unit, Dweezil, Ahmet Emuukha Rodan og Diva Thin Muffin Pigeen. Gail Zappa styrer i dag føretaket til mannen under namnet Zappa Family Trust.

Tidleg liv Zappa vart fødd i Baltimore i Maryland. Mora, Rose Marie (fødd Colimore), var av italiensk og fransk opphav. Faren, Francis Vincent Zappa, var ein immigrant frå Partinico på Sicilia med gresk og arabisk opphav. Zappa var den eldste av fire born og voks opp med foreldra der dei ofte snakka italiensk med besteforeldra.The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll, 1993.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book. s. 6 Familien flytta ofte fordi faren, som var kjemikar og matematikar, arbeidde i forsvarsindustrien. Etter ei tid i Florida i 1940-åra, flytta familien attende til Maryland, der faren arbeidde ved Edgewood Arsenal, eit kjemisk krigføringsanlegg underlagt Aberdeen Proving Ground. Fordi heimen låg nær anlegget, som lagra sennepsgass, måtte dei ha gassmasker i heimen i tilfelle det skjedde ei ulukke.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 20–23. Dette hadde ein stor effekt på Zappa, og referansar til smittestoff, bakteriologisk krigføring og forsvarsindustri dukkar opp gjennom heile karrieren hans.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 8–9.

Zappa var ofte sjuk som barn og leid av astma, øyreverk og biholeproblem. Ein lege behandla biholeproblema med å setje inn ei lita kule med radium i kvart av nasebora til Zappa. Ein kjende lite til den potensielle faren som sjølv små mengder radioaktiv behandling hadde på den tida.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 10. Nasebilete og referansar finst i musikken og tekstane til Zappa, i tillegg til plateomslaga som vart laga i lag med Cal Schenkel. Zappa meinte at sjukdommane i barndommen kunne ha kome av at han vart utsett for sennepsgass som kom frå den nærliggande kjemiske fabrikken. Helsa hans vart verre då han budde i Baltimore. I 1952 flytta familien på grunn av helseproblema.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 22. Dei flytta så til Monterey i California, der faren underviste i metallurgi ved Naval Postgraduate School. Kort tid etter flytta dei til Claremont i California,, Extract så til El Cajon, før dei slo seg ned i San Diego.

Zappa omtalte foreldra som «ganske religiøse» og prøvde å få han inn på ein katolsk skule, sjølv om han ikkje ville dette. Zappa synte avsky mot religion (og særleg kristendom) fordi han meinte religionen fremja uvitenheit og anti-intellektualisme.

Musikalsk påverknad Zappa vart med i det første bandet sitt ved Mission Bay High School i San Diego. Han var trommeslagaren i bandet.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 29. Omtrent samstundes kjøpte foreldra ein platespelar, slik at han kunne utvikle interessa si for musikk og byrje å samle plater.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 22. R&B-singlar var tidlege kjøp og starta ei stor platesamling han hadde resten av livet.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 36. Han var interessert i lydar for lydane sin del, særleg lydar av trommer og andre perkusjonsinstrument. 12 år gammal fekk han ei skarptromme og lærte seg grunnleggande orkesterperkusjon. Zappa byrja tidleg å interessere seg stort for moderne klassisk musikk då han leste ein artikkel i LOOK om platekjeda Sam Goody som skrytte av å kunne selje plater så obskure som The Complete Works of Edgard Varèse, Volume One.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 30–33. Artikkelen skildra Varèse sin perkusjonskomposisjon Ionisation, produsert av EMS Recordings, som «eit rart virvar av trommer og andre ubehagelege lydar» Zappa prøvde å finne musikken til Varèse. Etter å ha leita over eit år, fann Zappa ei plate (han merka seg plata på grunn av bilete av Varèse som minna om ein «galen vitskapsmann»). Han hadde ikkje pengar med seg, men overtydde seljaren til å selje han plata med avslag. Slik byrja ein livslang kjærleik til musikken til Varèse og andre moderne klassiske komponistar.

Zappa voks opp påverka av avantgarde-komponistar som Varèse, Halim El-Dabh, Igor Stravinsky og Anton Webern, R&B og doo-wop-grupper (særleg lokale pachuco-grupper), og moderne jazz. Den mangfaldige etniske bakgrunnen hans, og den mangfaldige sosiale og kulturelle blandinga i og rundt Los Angeles, var viktige i å forme Zappa som undergrunnsmusikar og den seinare skeptiske og opne kritiske haldninga mot «mainstream» samfunnsrørsler, politiske og musikalske rørsler. Han dreiv ofte satire med musikalske retningar som psykedelia, rockeopera og disco.Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 13. Mellom anna dreiv han musikalsk satire med songane «Flower Punk» i 1967 (som parodierer songen «Hey Joe») og «Who Needs The Peace Corps?», som er kritiske mot hippierørsla. Fjernsyn var òg ei viktig inspirasjonskjelde og han nytta bitar av kjenningsmelodiar og reklamejinglar i somme musikkstykke.

1955–60: Ungdom og tidleg karriere mini|Frå årboka til Zappa frå 1958. I 1956 hadde familien flytta til Lancaster, ein liten romfarts- og jordbruksby i Antelope Valley i Mojaveørkenen nær Edwards Air Force Base, nord i Los Angeles County. Mor til Zappa oppmuntra han til å følgje den musikalske interessa. Sjølv om ho mislikte musikken til Varèse, var ho ettergjevande nok til å gje han ein rikstelefonsamtale med komponisten som gåve til 15-årsdagen. Uheldigvis var Varèse i Europa på den tida, så Zappa snakka med kona til komponisten. Han fekk seinare eit brev frå Varèse som takka han for interessa og fortalte han om ein komposisjon han arbeidde på kalla «Déserts». Sidan han budde i ørkenbyen Lancaster, fann Zappa dette veldig spanande. Varèse inviterte han på besøk om nokon gong kom til New York. Møtet fann aldri stad (Varèse døydde i 1965), men Zappa rama inn brevet og hadde det med seg resten av livet.

Ved Antelope Valley High School møtte Zappa Don Vliet (som seinare skifta namn til Don Van Vliet og nytta scenenamnet Captain Beefheart). Zappa og Vliet vart nære vener og delte ei interesse i R&B-plater og påverka kvarandre musikalsk gjennom heile karrieren.Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 29–30. På same tida byrja Zappa å spele trommer i eit lokalt band, The Blackouts. Med i bandet var mellom anna afroamerikanaren Euclid James «Motorhead» Sherwood som seinare vart med i The Mothers of Invention. Zappa vart meir interessert i gitar og i 1957 fekk han sin første. Tidleg i karrieren var han inspirert av Johnny «Guitar» Watson, Howlin' Wolf og Clarence «Gatemouth» Brown. (I 1970- og 1980-åra inviterte han Watson til å spele på fleire album). Zappa rekna solospel som det same som å forme «luftskulpturar», og utvikla ein utsøkt, nyskapande og særs personleg stil.

Zappa si interesse for komponering og arrangering kom stadig sterkare dei siste high-school-åra. Innan det siste året skreiv han, arrangerte og dirigerte avantgarde-stykke for skuleorkesteret.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 40. Han var ferdig på Antelope Valley High School i 1958, og takka seinare to av musikklærarane sine på omslaget til albumet Freak Out! i 1966.Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 23. Fordi familien ofte flytta, gjekk Zappa på minst seks forskjellige vidaregåande skular, og som student keia han seg ofte og distraherte ofte resten av klassen med skøyarstrekar.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 48. Han slutta på college etter eit semester og hadde etter dette ein forakt for formell utdanning, og tok borna sine ut av skulen då dei fylte 15 og nekta å betale dei for college.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 345.

Zappa reiste heimanfrå i 1959 og flytta inn i ein liten leilegheit i Echo Park i Los Angeles. Etter han møtte J. «Kay» Sherman i løpet av den korte tida han tok private timar i komponering hos professor Karl Kohn ved Pomona College, flytta dei i lag til Ontario, og gifta seg 28. desember 1960.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 58. Zappa arbeidde ei kort stund innan reklame. Opphalde i reklameverda vart kort, men gav han nyttig innsikt i korleis dei arbeidde.Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 40. Gjennom karrieren sin var han interessert i visuell presentasjon av verka sine, og forma somme av sine eigne plateomslag og regisserte eigne filmar og videoar.

Tidleg i 1960-åra: Studio Z Zappa prøvde å livnære seg som musikar og komponist, og spelte på forskjellige nattklubbar, somme med ein ny versjon av The Blackouts.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 59. Han tente meir på dei tidlegaste profesjonelle innspelingane sine, to filmmusikkalbum for lågbudsjettsfilmane The World's Greatest Sinner (1962) og Run Home Slow (1965). Det førstnemnte vart bestilt av skodespelaren og produsenten Timothy Carey og spelt inn i 1961. Det inneheld mange tema som seinare dukka opp på platene til Zappa.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 63. Den andre filmmusikken vart spelt inn i 1963 etter at filmen var ferdig, men vart bestilt av ein av dei tidlegare lærarane til Zappa i 1959 og Zappa kan ha arbeidd med stykket før filmen vart filma.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 55. Utdrag frå filmmusikkarbeidet kan høyrast på albumet The Lost Episodes (1996).