mini|Øya i 1892.frå Harvie-Brown, J.A. og Buckley, T. E. (1892), A Vertebrate Fauna of Argyll and the Inner Hebrides. Pub. David Douglas., Edinburgh. Facing s. XXIV Hyskeir (skotsk-gælisk Òigh-sgeir) eller Heyskeir er ei lågtliggande øy i Indre Hebridane i Skottland. Fyret på øya markerer det sørlege innløpet til The Minch.
Hyskeir ligg 10 km sørvest for øya Canna og 14 kilometer vest for Rùm. Garbh Sgeir er eit skjer som ligg ved øya og landgangsstaden for Hyskeir ligg i kanalen mellom dei to. Ingen av øyane er busette.
Etymologi Hyskeir kjem frå det norrøne sker som tyder «skjer». Òigh-sgeir er gælisk for «jomfruskjeret».
Fyret Hyskeir fyr vart bygt i 1904. Det 39 meter høge fyret markerer sørenden av the Minch . Det vart teikna av David og Charles Stevenson. Fyrlykta står 41 meter over havet.
Det kvite tårnet var bemanna fram til mars 1997 og var eit av dei siste fyra i Skottland som vart automatisert.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hyskeir» frå , den 15. februar 2010. oppgav desse kjeldene: Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann.
Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Fyr i Skottland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland