Ursamisk er det urspråket som alle samiske språk stammar frå. Dette språket vart sannsynlegvis snakka i det sørlege og sørvestlege Finland og Karelen i tida rundt byrjinga av tidsrekninga vår. Denne dateringa blir argumentert for av Ante Aikio,Aikio; 2004Aikio; 2006Aikio; 2012 Kallio (2006), Heikkinen (2006) og Heikkilä (2014). Tidlegare forskarar, framfor alt Korhonen (i 1981), har lagt det ursamiske språket langt tidlegare. Dagens system er basert på ei datering av indoiranske, baltiske og spesielt germanske lånord i både ursamisk og ur-samisk-austersjøfinsk. Mange av desse lånorda er basert på Jorma Koivulehto sitt arbeid.
Sjølve rekonstrueringa av det ursamiske lyd- og formsystemet byggjer primært på Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti sine arbeidSentrale arbeid er Korhonen 1981, 1988 og Sammallahti 1988, 1998.. Sjølv om forskinga dei siste 20 åra har revidert den absolutte kronologien for samisk språkhistorie, er sjølve rekonstruksjonen deira av ursamisk stort sett den same som den vi finn hos Korhonen og Sammallahti.
Fonologi
Følgjande lydsystem har vorte rekonstruert for ursamisk.
Vokalar
Følgjande vokalsystem for ursamisk, vart presentert av Ante Aikio (2004)Aikio; 2004. s. 70. Systema er skrive med det finskugriske lydalfabetet: Lange vokalar er notert med macron (strek) over. Symbolet ë står for IPA [ɤ].
+ Korte vokalar Fremre vokal Bakre vokal Lukka vokaliu Midtre vokalë, o Open vokal+ Lange vokalar Fremre vokal Bakre vokal Lukka-midtre vokalieuo Midtre vokalē ō Open-midtre vokaleaoa Open vokal ā
Konsonantar
Bilabiale konsonantar Dentale konsonantar Alveolare konsonantar Palatale konsonantar Velare konsonantar Lukkelydarog affrikatar *p /p/*pp /ʰpː/ *t /t̪/*tt /ʰt̪ː/ *c /t͡s/*cc /ʰt͡sː/ *ć /t͡ɕ/*ćć /ʰt͡ɕː/ *k /k/*kk /ʰkː/ Nasalar *m /m/*mm /mː/ *n /n̪/*nn /n̪ː/ *ń /ɲ/ *ŋ /ŋ/ Frikative konsonantar *δ /ð/ *s /s/*ss /sː/ *ś /ɕ/*śś /ɕː/ Approksimantar *v /ʋ/*vv /ʋː/ *l /l/*ll /lː/ *j /j/*jj /jː/ Rullelydar *r /r/*rr /rː/
Stadieveksling
Stadieveksling er ein sentral fonologisk prosess i alle samiske språk bortsett frå sørsamisk, ein prosess som påverker dei aller fleste av alle konsonantsamband i samisk. Prosessen inneber at konsonanten eller konsonantane etter rotvokalen vekslar mellom to ulike former ("stadier"). Tabellen under viser nominativ og genitiv av substantivet for "fisk" (nords. guolli) og verbet for "å gå" (nords. mannat). I tabellen under ser vi at skilnaden i stadium er den einaste skilnaden mellom nominativ og genitiv, og mellom perfektum og første person presens . Viss vi så ser på dei rekonstruerte formene i ursamisk i tabellen under, ser vi korfor det er slik: I dei tilfella der stavinga etter konsonanten som vekslar er open (lē, ne̮) i ursamsik har vi sterkt stadium i moderne nordsamisk (ll, nn), men i tilfella der stavinga er lukka i ursamisk (lēn, ne̮m) har vi svakt stadium i nordsamisk (l, n). Det som i utgangspunktet i ursamisk var ei fonologisk lydveksling (avhenging av lydstrukturen til ordet) har dermed, på grunn av lydendringar i løpet av den språkhistoriske utviklinga vorte til ei morfologisk veksling, der stadievekslinga i seg sjølv uttrykker den grammatiske skilnaden mellom orda.
Form Ursamisk Nordsamisk Stadium nom. sg. *kuolē guolli sterk gen. sg. *kuolēn guoli svak pres. 1sg. *me̮ne̮m manan svak perf. *me̮ne̮me̮ mannan sterk pret. 1sg. *me̮ne̮je̮m mannen sterk
Denne overgangen, frå ei fonologisk til ei morfologisk veksling, er vanleg i språkhistoriske prosessar, som når skilnaden mellom det norske ordparet sov ~ søv (for "å sove") går attende til ei eldre form *sofiR, der o > ø er resultat av i-omlyd. Mekanismene er ulike (den eine påverker konsonantar, den andre vokalar), men resultatet er i begge tilfelle eit språk der bøyingskategoriane blir uttrykt ved stammevekslingar heller enn med bøyingsendingar.
Morfologi
Substantiv
Kasus For det ursamiske kasussystemet kan vi rekonstruere nominativ *-Ø, genitiv *-n, akkusativ *-m, illativ -*je̮n. Inessiv og elativ slik vi finn det i språka sørvest for nordsamisk (t.d. sørsamisk -sne, -ste) er ein kombinasjon av suffikset *-s og lativ *-n (for inessiv) og *-s og endinga for ablativ *-ta/-tä.
Mikko Korhonen sett dermed opp dette systemet (1981):
Kasus Eintals-suffiks Fleirtals-suffiks Tyding/bruk Nominativ ∅ *-k Subjekt, objekt for imperativ Akkusativ *-m *-jtē Objekt Partitiv *-tē Partielt objekt, rørsle frå Genitiv *-n *-j Eigartilhøve Essiv *-nē *-jnē Vere (som) Inessiv *-snē Vere på innsida av Elativ *-stē *-jstē Ut frå / ut av Illativ *-s̯ën *-jtēs̯ën (N)*-jtē (S)*-j̯t̯ën (In) Bort til, inn i Komitativ *-jnē*-jnë (In, Lu) *-j (+ *kuojmē) I lag med, med hjelp av Abessiv *-ptāk̯ëk - Utan, manglande Heile dette kasussystemet kan, med eitt unntak, forklarast som eit utvikling frå eit felles urspråk som har gjeve eit tilsvarande sett av suffiks i austersjøfinsk. Unntaket er illativ eintal, som i nordsamisk er -j (jf. nominativ- og illativformene for nords. sátni : sátnái "ord", giella : gillii "språk"). Den rekonstruerte forma for dette suffikset er *-jen, jf. den tilsvarande illativforma i kaldfjordsamisk: sannajen (Korhonen 1988 s. 280). Forma som er ført opp i paradigmet (*-s̯ën) finst også i nordsamisk, men i illativformene i possessivsuffiksparadigmet: sátnásan, giellasan "til ordet mitt, til språket mitt".
Personbøying av substantiv Verk av SammallahtiSammallahti (1998:73) sett opp som det følgjande rekonstruerte paradigmet for ursamiske possessivsuffiksendingar.
+ Ursamiske possessivsuffiks Kasus Person Numerus Singularis Dualis Pluralis Nominativ 1. *-më *-mën *-mēk 2. *-të *-tën *-tēk 3. *-sē *-sēn *-sēk Akkusativ 1. *-më *-mën *-mēk 2. *-mtë *-mtën *-mtēk 3. *-msē *-msēn *-msēk Oblik 1. *-në *-nën *-nēk 2. *-ntë *-ntën *-ntēk 3. *-ssē *-ssēn *-ssēk
Adjektiv Attributtforma vi finn i dagens samiske språk går attende til ursamisk.
Verb Dei rekonstruerte verbparadigmene for ursamisk viser eit meir agglutinerande språk enn dei moderne samiske språka.
Tempus Formativen for tempus (-i-/-j-). Dei er delvis falle bort i nordsamisk, men førekjem i det meir konservative sørsamisk:
ursamisk-finsk *meme-jøn "eg gjekk" finsk menin > mana-jen > nordsamsisk mannen, sørsamisk mïnnim
Negasjonsverbet i sørsamisk til og med lulesamisk har separate former for presens og preteritum, på same måte som kodaveredialekten av estisk, og (meir redusert) i võro. Dette systemet går attende til ur-finsk-samisk. For ei drøfting av dei rekonstruerte formene, sjå Korhonen 1981. Ein syntaktisk analyse av overgangen til dei moderne formene er Trosterud 1994.
Person Formativen for person går attende til det samiske urspråket.
Modus Potensialis- og kondisjonalisendingane i dei ulike samiske språka gor attende til både til ursamisk og til ur-finsk-samisk. Den samiske formativen -š-/-ǯ- for kondisjonalis er den same som den finske -is-, og den nordsamiske formativen -š-/-vč- (ursamisk *-kć-) går attende til ur-samisk-austersjøfinsk *-ks- (jf. estisk saaksin). Imperativforma for andre person eintal hadde suffikset *-k, som det også hadde i uraustersjøfinsk.
Ordforråd
Det ursamiske ordforrådet er svært godt utforska. Grunnordforrådet kan delast i tre grupper: ord som finst også i andre uralske språk, ord som er lånord (framforalt frå germansk), og ord utan etymologi utanfor samisk (såkalla paleo-europeiske ord). For kvart og eitt av orda referert til i desse kapitlet finn vi referanse til kjeldelitteratur i ordbasen Álgu Álgu - Ein database med oversyn over ordhistoria til det samiske og austersjøfinske ordforrådet. (på engelsk, tysk, samisk og finsk). Basen inneheld referanse til relevant primærlitteratur for alle orda. Det er mogleg å søke på oppslagsord på uralske og indoeuropeiske språk..
Uralske fellesord
Hit høyrer det mest grunnleggande ordforrådet, som alle talorda, sentrale pre- og postposisjonar, ord for kroppsdelar og sentrale handlingar (dei tilsvarande finske orda i parentes). Dette er ord som finst i både ursamisk og i dei andre uralske språkgreinene.
okta (yksi) '1', guokte (kaksi) '2', golbma (kolme) '3', ... juolgi (jalka) 'fot', johka (joki) 'elv', jávri (järvi) 'innsjø', addit (antaa) 'å gje'
Indoiranske lånord
Dette er dei eldste lånordlaga i uralsk, og dei finst i alle eller nesten alle dei uralske språkgreinene.
Urindoeuropeisk *k'm-to- > urindoiransk *ćata- ‘100’ → urfinskugrisk *śa/ëta > ursamisk *ćuotē > nordsamisk čuohti ‘100’.
Germanske lånord
Jorma Koivulehto (Koivulehto 2002) har vist at det er mogleg å identifisere to ulike lag av urgermanske lånord, dvs. lånord som er eldre enn ursamisk. Vi kan også identifisere urnordiske, gammalnorske (gammalsvenske) lånord, og lånord frå moderne norsk og svensk.
Tidlege urgermanske lånord Dette er ord som er lånt inn før oppdelinga av urgermansk i nord-, aust- og vestgermansk. Dei skil seg frå seine urgermanske lånord ved at dei har gjennomgått alle dei ursamiske lydendringane. Spesielt viktig er overgangen *a > *uo, dvs. at ord som i urgermansk har a har fått uo i moderne samiske språk. Ofte finst desse lånorda ofte i finsk. I desse lånorda tilsvarer germansk *h samisk *k, dvs. at orda er lånt inn før Verners lov har verka i urgermansk.
Seine urgermanske lånord
Urnordiske lånord
Dette er ord som er lånt inn etter oppsplittinga av dei germanske språka, men før synkopetida, altså før 700-talet.
Jordbruk gussa 'ku', gáica 'geit', rohka 'rug', Samfunnstilhøve gonagas 'konge'
Norrøne / gammalsvenske lånord
Dette er ord lånt inn frå språksteget etter urnordisk, men før dei store språklege endringane i nordiske språk på 1300-talet og framover.
Hit høyrer ord knytt til jordbruk og mange ord knytt til ulike typar samfunnstilhøve.
Jordbruk heasta 'hest', mielki 'mjølk', Samfunnstilhøve golli 'gull',
Paleo-europeiske ord
Dette er ord som verken går attende til det uralske urspråket eller er lånt inn frå kjende språkfamiliar.
Ord utan etymologi utanfor samisk
Hit høyrer ord for landskapsformasjonar, naturfenomen og visse dyr. Dei representerer det paleoeuropeiske, ikkje-uralske substratet i samisk.
Fuglenamn buolffáš 'lundefugl', skuolfi 'snøugle', áđga 'elveslette', Dyrenamn Fiskenamn beahcet 'fiskespord', cuohppa 'fiskekjøtt', diksu 'hyse', guvžá 'sjuaure', Naturfenomen, landskapsord biegga 'vind', čuodjá 'trang vik i innsjø', geađgi 'stein', muorra 'tre', njárga 'nes', riehppi 'trang fjelldal' Generelle ord čuovga 'lys', atnit 'å bruke'
Ord utan etymologi utanfor samisk og finsk (... kjem...)
Referansar
Bibliografi
Litteratur
Aikio, Ante 2006: "On Germanic-Saami contacts and Saami prehistory" Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakaiskirja 91 Aikio, Ante 2012 An essay on Saami ethnolinguistic prehistory, i A Linguistic Map of Prehistoric Northern Europe, Suomalais-Ugrilainen Seura, Helsinki.
Korhonen, Mikko: Johdatus lapin kielen historiaan. SKS. Helsinki. 1981. Korhonen, Mikko 1988: The history of the Lapp language. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 264-278. Lehtiranta, Juhani: Yhteissaamelainen sanasto. Suomalais-Ugrilaisen Seuran toimituksia 200. Helsinki 1989. Sammallahti, Pekka: Saami languages. An introduction. Davvi Girji. Kárášjohka. 1998. Trosterud, Trond. Auxiliaries, Negative Verbs and Word order in the Sami and Finnic Languages. Minor Uralic Languages Tarto 1994 s. 173 - 181.
kategori:Samiske språk kategori:Samisk språkhistorie Kategori:Uralske urspråk Kategori:Rekonstruerte urspråk