Berneray (skotsk-gælisk Beàrnaraigh na Hearadh, norrønt Bjarnarey) er ei øy i Sound of Harris i Skottland. Ho er i av femten busette øyar i Ytre Hebridane. Ho er kjend for den rike og fargerike historia, som har trekt til seg mykje turisme. mini|venstre|Borve og machair-området Øya har eit areal på 10,1 kvadratkilometer og det høgaste punktet på Berneray er Beinn Shlèibhe på 93 meter over havet, medan Borve Hill er 85 meter over havet. Det er funne spor etter busetnad på Berneray frå bronsealderen og kanskje tidlegare. Her finst fleire gamle heilage stader, steinsirklar, spor etter vikingbusetnader og historiske bygningar som er fleire hundre år gamle.
Namnet Berneray kjem frå norrønt og tyder «Bjørnøya».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Berneray» frå , den 25. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Isle of Berneray
Panoramabilete av Berneray Beach (krev QuickTime)
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland