Na h-Eileanan Iasgaich er ei lita øygruppe i Loch Boisdale, søraust for øya South Uist i Ytre Hebridane i Skottland. Dei enkelte øyane i gruppa er fråskilde kvarandre ved høgvatn, men heng saman ved lågvatn. Dei heng ikkje saman med den større naboøya South Uist. Øyane dekkjer om lag 50 hektar og det høgaste punktet på dei er 20 meter over havet.

Øyane har eit skrint jordsmonn og berggrunnen består av gneis.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Namnet deira tyder «fiskeøyane» på skotsk-gælisk, sidan dei er langt større ved lågvatn og skapar fleire fiskefeller mellom seg.

Det er fem større øyar i gruppa: Eileanan Iasgaich Mòr Eileanan Iasgaich Meadhonach Eileanan Iasgaich Beag Eilean nam Feannag Eilean Bàgh Mhic Rois.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eileanan Iasgaich» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane