St Kilda (skotsk-gælisk Hiort) er ei isolert øygruppe, 64 km vest-nordvest for North Uist i Nord-Atlanteren. Ho omfattar dei vestlegaste øyane i Ytre Hebridane i Skottland.Om ein ser bort frå Rockall, som har omstridd status internasjonalt Den største øya er Hirta, som har dei høgaste kystklippene i Storbritannia. Øyane høyrer administrativt til Comhairle nan Eilean Siar.Steel (1988) page 254.
St Kilda var permanent busette i minst to tusen år, men det har truleg aldri vore meir enn 180 menneske busette her (og ikkje meir enn 100 etter 1851). Heile folkesetnaden vart evakuert i 1930. I dag er det berre militære personell som held til på øya.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. mini|venstre|Ved landsbyen på St Kilda (1969) Opphavet til namnet St Kilda er ukjend. Første gong øyane vart nemnde i skriftlege kjelder var seint i mellomalderen. Mellomalderlandsbyen på Hirta vart bygd opp att på ny på 1800-talet. Sjukdom som kom med auka turisme og den første verdskrigen førte til at øyane vart evakuerte i 1930.Maclean (1977), Steel (1988), Fleming (2005).
Heile øygruppa er eigd av National Trust for Scotland. Øyane vart ein av dei fem verdsarvstadane i Skottland i 1986 og ein av få i verda som har denne statusen både basert på natur og kultur."World Heritage: United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland". UNESCO. Øyane er hekkestad for mange viktige sjøfugl, mellom anna havsule, lundefugl og havhest.St. Kilda-gjerdesmett og St. Kilda-markmus er endemiske underartar. Frivillige nyttar sommaren til å restaurere dei mange forfalne husa på øyane. Dei deler øya med ein liten militærbase som vart oppretta her i 1957.Steel (1988) s. 273.
venstre|mini|Gata i 1886
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St Kilda, Scotland» frå , den 1. mars 2010. oppgav desse kjeldene: Fleming, Andrew (2005) St. Kilda and the Wider World: Tales of an Iconic Island, Windgather Press ISBN 1905119003 Maclean, Charles (1977) Island on the Edge of the World: the Story of St. Kilda, Edinburgh, Canongate ISBN 0903937417 Steel, Tom (1988) The Life and Death of St. Kilda, London, Fontana ISBN 0006373402
Bakgrunnsstoff 1930 - evakueringa av St Kilda abandonedcommunities.co.uk St Kilda - culturehebrides.com. St Kilda - National Trust for Skottland.
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Naturreservat i Skottland Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland Kategori:Verdsarv i Skottland