Shillay (skotsk-gælisk Siolaigh) er ei folketom øy som ligg 2 km nord for Pabbay i Ytre Hebridane i Skottland.

Namnet kjem frå det norrøne selr-øy som tyder «seløya», og er eit Scottish Wildlife Trust-reservat. Reservatet vernar om øya som er ein viktig ynglestad for gråsel.

Ein kjenner ikkje til at det har budd menneske på øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shillay» frå , den 2. mars 2010.

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Naturreservat i Skottland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland