mini|Höfði

Höfði er eit hus på Félagstúni i Reykjavik, hovudstaden på Island. Huset vart bygd i 1909 for den franske konsulen på Island, Jean-Paul Brillouin og er eit verk av den norske arkitekten Olav Olson.Lars Mæhlum: Olav Olson hos SNL Huset er mest kjent for toppmøtet mellom Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i 1986. Dette møte vart eit steg mot slutten på den kalde krigen. Inne i huset er flagga til USA og Sovjetunionen hengt opp i kryss til minne om møte.

Reykjavik by kjøpte huset i 1958 og restaurerte det til tidlegare pryd. Frå da er huset brukt til formelle mottak og festlege hendingar.

Den 25. september 2009 på 100 årsdagen til Höfði vart huset skadd i ein brann.Eldur í þaki Höfða Alle verdfulle kulturminne vart redda.

Historisk radiosamband Huset vart og nytta til det første radiosambandet som vart oppnådd mellom Island og omverda 26. juni 1905. Sambandet vart oppnådd med Poldhu i Cornwall i Storbritannia.

Referansar

Bakgrunnsstoff Artikkelen er omsett frå Engelsk Wikipedia.

Kategori:Islandsk arkitektur Kategori:Reykjavík