Alperschällihorn er eit 3 036 meter høgt fjell i såkalla Splügener Kalkberge i den sveitsiske kantonen Graubünden. Fjellet ligg nord for bygda Splügen i Rheinwald, i aust ligg Sufers (der det høgaste punktet til fjellet er), medan nordsida høyrer til Safien.
Nord for Alperschällihorn ligg fjellskaret Alperschällilücke på 2 614 meter over havet, eit skar der ein kan gå mellom Sufers og Safien.
Til liks med heile Splügener Kalkberge er Alperschällihorn prega av eit uryddig steinlandskap der ein ofte høyrer dyn frå steinsprang.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alperschällihorn» frå , den 8. mars 2010.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden