Johanne Kolstad, i Amerika kjent som Johanna Kolstad, () var ei norsk idrettskvinne frå Øvre Nordsinni ved Dokka i Nordre Land. Johanne Kolstad var ein av få kvinnelege skihopparar som var aktiv på 1930-talet. Til saman sette ho fire uoffisielle og ein offisiell verdsrekord i skihopping for kvinner.
Tidleg hevda Johanne Kolstad og venninna Hilda «Nusse» Braskerud seg godt mot gutane, men dei vart nekta å delta i renn på lik line med gutane, og måtte i staden nøye seg med å opne renn eller hoppe mellom gutanes/mennenes to omgangar. Sin første verdsrekord sette Johanne Kolstad i 1931, då ho hoppa 31 meter.Somme kjelder seier 32 meter Denne rekorden betra ho to gonger same året.
Vinter-OL 1932 i Lake Placid sette fart i amerikanarane si interesse for vintersport, ikkje minst skihopping. Dei neste åra vart det bygd fleire hoppbakkar i USA, og det vart arrangert ei rekke populære oppvisingsrenn. Johanne Kolstad vart i 1933 invitert av Norge Ski Club i USA, og turnerte over heile Nord-Amerika i heile 5 år. Kolstad vart særs populær, og vart mellom anna kalla The Queen of Skis og The Wonder Girl. Sportsleg og karrieremessig nådde ho høgdepunktet den 6. mars 1938. Då sette ho sin femte og einaste offisielle verdsrekord med 72 meterSomme kjelder seier 71,5 meter i Berlin, New Hampshire, USA. Denne rekorden vart ståande i 35 år fram til Anita Wold nådde 73 meter i 1973.
mini|Odnesbakken i 1928, der Johanne Kolstad sette verdsrekord i 1931 Uoffisielle verdsrekordar:Skisprungschanzen-Archiv: Die Geschichte des Frauenskispringens 31 meter, jan./feb. 1931, Midtstubakken i Oslo 40 meter, 8. februar 1931, Nydalsbakken i Oslo 46,5 meter, 1931, Odnesbakken i Søndre Land 62 meter, 1932, Trondheim 72 meter, 6. mars 1938, Nansen Ski Jump i Berlin, New Hampshire, USA
Litteratur Karin Berg: Hopp, jenter, hopp!: Historien om Johanne Kolstad og Hilda Braskerud - et annerledes skieventyr. Schibsted, Oslo 1998. ISBN 82-516-1720-0 Bråten, Ole Aastad og Knut Aastad: Ei dronning på ski - Johanne Kolstad (1913-1997). Syn og Segn 4/2008.
Referansar
Bakgrunnsstoff NRK: Johanne, vår fyrste hoppdronning (17. februar 2009) NRK: Hopp-pionèren Johanne Kolstad (radio-innslag, fungerer berre i Internet Explorer) Digitalt fortalt: Johanne Kolstad (1913-1997) (17. juni 2009) Aftenposten: Jentesprang med lange røtter (17. februar 2009)
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Nordre Land