mini|Aiguille du Dru mini|Aiguille des Grands Charmoz mini|Foto frå ca 1900 av fjellet Jungfrau, der Burgener omkom i 1910

Alexander Burgener () var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange fjell, og av nye klatreruter, i vest-Alpane i perioden 1870-87.

Liv og gjerning Burgener voks opp i enkle tilhøve på garden Huteggen i bygda Eisten i Saas-Fee. I ungdomen var han geitegjetar og dreiv som gemsejeger på Balfrin. 20 år gamal la han ut på sin fyrste tur som fjellførar. Heile livet var han busett i Eisten.

Burgener skal ha vore med påom lag 46 fyrstebestigingar, der i mellom klatreruter til toppar som var bestigne tidlegare. Saman med Albert Mummery føretok han 3. september 1879 den fyrste oppstiginga langs Zmuttgrat på Matterhorn. Dei same to kleiv i lag på fyrstebestigningane av Grands Charmoz (1880) og Aiguille du Grépon i Mont Blanc-massivet (5. august 1881). Tidlegare hadde Burgener saman med den britiske fjellklatraren Clinton Thomas Dent stått for den fyrste bestiginga av Lenzspitze (august 1870) og av Grand Dru (12. september 1878).

I 1899 besteig han austtoppen på Piz Palüs langs nordvestpillaren. Det fanst knapt ein einaste av dei kjende fjelltoppane i Vest-Alpane som han ikkje hadde vore på. I tillegg kom ein tur til fjellheimen i Kaukasus.

Burgener var teken av og omkom i eit snøskred på Jungfrau sommaren 1910, nær Berglihütte i Bern-Alpane.

Fyrstebestigingar Lenzspitze, 1870 Portjengrat, 1871 Aiguille du Dru, 1878 Zmuttgrat på Matterhorn, 1879 Travers av Col du Lion, 1880 Grands Charmoz, 1880 Charpouaveggen på Aiguille Verte, 1881 Aiguille du Grépon, 1881 Frontier ridge på Mont Maudit, 1887 Teufelsgrat på Täschhorn, 1887

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alexander Burgener» frå og «Alexander Burgener» frå ,, den 16. mars 2010.

Kategori:Sveitsiske fjellklatrarar Kategori:Døde i snøras