Waitaki District er eit distrikt som ligg i regionane Canterbury og Otago på Sørøya på New Zealand. Det ligg på båe sider av den tradisjonelle grensa mellom dei to regionane, Waitaki-elva. Landarealet er 7 151,94 km², 59,28 % ligg i Canterbury, og 40,72 % i Otago. Det er det einaste distriktet på Sørøya som er delt mellom to regionar. Landbruk er den viktigaste næringsvegen i distriktet, som omfattar det vide, vifteforma elveutløpet, og strekkjer seg innover i landet langs elvebreiddene, sli at det dannar grovt sett eit trekanta område. Folketalet er 22 308.2018 Census place summaries: Waitaki District, Statistics New Zealand Oamaru (som ligg i Otago) er den største byen i distriktet.
Waitaki District vart danna ved ei samanslåing av det tidlegare Waitaki County og Oamaru Borough i 1989. Det vert styrt av Waitaki District Council med administrasjonssenter i Oamaru.
Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waitaki District» frå , den 21. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Heimesida til Waitaki District Council Informasjon om Waitaki District Waitaki Development Board
Kategori:Canterbury på New Zealand Kategori:Otago Kategori:Distrikt på New Zealand Kategori:Skipingar i 1989