mini|The Loe The Loe, òg kalla Loe Pool, er den største naturlege innsjøen i Cornwall i England. Mellom havet og innsjøen ligg ein grusbanke kalla Loe Bar, midt mellom Porthleven og Gunwalloe. Både Loe og Loe Bar ligg på Penrose Estate, forvalta av National Trust,http://www.nationaltrust.org.uk/main/w-vh/w-visits/w-findaplace/w-penroseestate/ og har fått status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) av Natural England.http://www.english-nature.org.uk/special/sssi/unitlist.cfm?sssi_id=1003319

The Loe var opphavleg estuaret til River Cober som ren gjennom den tidlegare hamnebyen Helston, 3 km inn i landet. Ein trur at banken oppstod på 1200-talet og skar Helston av frå havet. For å hindre flaum i delar av Helston har ein stundom grave hol i banken.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Loe» frå , den 29. mars 2010. oppgav desse kjeldene: English Nature. Loe Pool SSSI Designation. Vitja 12. november 2007. Natural England. Loe Pool SSSI Unit List. Vitha 12. november 2007. National Trust. Penrose Estate: Gunwalloe og Loe Pool. Vitja 12. november 2007.

Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:Innsjøar i England Kategori:Geografi i Cornwall Kategori:National Trust-eigedommar