Brothers Water er eit vatn i Hartsop-dalen aust i Lake District i Cumbria i England. Det vart ein gong kalla Broad Water og ligg nord i Kirkstone Pass, med flott utsyn nedover mot Patterdale.
Namnet Broad Water vart endra på 1800-talet etter at to brør drukna der.
Nordaust for Brothers Water ligg landsbyen Hartsop, med fleire gardsbygningar i stein frå 1600-talet.
Det finst ein del aure i vatnet, samt ein sjeldan fiskeart, schelly.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brothers Water» frå , den 29. mars 2010.
Kategori:Lake District Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Site of Special Scientific Interest i England