Crummock Water er ein innsjø i Lake District i Cumbria i Nordvest-England mellom Buttermere i sør og Loweswater i nord. Elva Cocker vert rekna for å ha kjelde nord for innsjøen, før ho renn vidare i Lorton Vale. Åsen Mellbreak strekkjer seg langs heile vestsida av innsjøen.

Innsjøen er eigd av National Trust. Scale Force, den høgaste fossen i Lake District, gjev vatn til innsjøen.

Bakgrunnsstoff Crummock Water An Ilustrated Guide - Crummock Water

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crummock Water» frå , den 30. mars 2010.

Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Lake District Kategori:National Trust-eigedommar