Vilhelm IV () var konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og kongeriket Hannover frå 26. juni 1830 til han døydde. Han fekk tilnamnet Sjømannskongen. Slekta til Vilhelm IV var av fyrstehuset Hannover.

William var kong Georg III av Storbritannia og Charlotte av Mecklenburg-Strelitz sin tredje son og ein yngre bror av kong Georg IV av Storbritannia.

Han gjekk inn i Royal Navy som trettenåring, og var i marinen fram til 1790. Han gjorde teneste i Amerika og Karibia, og blei fåteadmiral i 1811. I 1789 blei han utnemnd til hertug av Clarence.

Frå 1791 til 1811 budde han saman med den irske skodespelarinna Dorothy Jordan. Saman fekk dei ti barn. I 1818 gifta han seg med Adelheid av Sachsen-Meiningen. Døtrene deira overlevde ikkje barndomen og Vilhelm IV hadde dermed ingen direkte tronfylgjar.

Han vart etterfylgd på den britiske trona av brordottera, Victoria av Storbritannia. I Hannover var det ikkje tillate med kvinneleg tronfylgje, der vart han etterfylgd av broren Ernst August I av Hannover.

Titlar Vilhelm sin offisielle tittel i Storbritannia medan han var konge var: «William the Fourth, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Ireland King, Defender of the Faith» ('Vilhelm den fjerde, av Guds nåde, konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, forsvarar av trua').

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske monarkar Kategori:Tyske fyrstar Kategori:Den svarte ørn-ordenen Kategori:Huset Hannover