Loch Coruisk (skotsk-gælisk Coire Uisg) er ein innsjø ved foten av Black Cuillin på Isle of Skye i Skottland.
Geografi Ein kan kome til innsjøen med båt frå Elgol, eller til fots frå Sligachan (om lag 11–12 km).
Nordenden av innsjøen er omringa av Black Cuillin, som ofte er dekt av skyer. Frå sørenden går ei lita elv ut i fjorden Loch Scavaig. Innsjøen er nesten 3 km lang, men berre nokre hundre meter brei.
Kunst Innsjøen er måla av fleire kunstnarar, mellom andre William Daniell (1769-1837), J.M.W. Turner (1775-1851), Sidney Richard Percy (1821-1886) og Alexander Francis Lydon (1836-1917)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loch Coruisk» frå , den 31. mars 2010.
Kategori:Geografi på Skye Coruisk