Obo d’amore (oboe d'amore, hautbois d'amour eller kjærleiksobo) er altinstrumentet i obofamilien. Han er stemt a, altså ein liten ters lågare enn oboen. Klangfargen er rundare enn ein vanleg obo, men ikkje så rund som engelsk horn. Han vart hovudsakleg brukt i barokken, og då særskild av Johann Sebastian Bach og Georg Philipp Telemann. Instrumentet vert sjeldan brukt i moderne symfoniorkester, nokre unntak er Sinfonia domestica av Richard Strauss og Ravels Boléro.
Frå tidleg på 1700-talet er obo d’amore alt-instrumentet, den vanlege oboen sopran, og tenoren i instrumentfamilien er jaktobo (obo de caccia) som vart vidareutvikla til engelsk horn.
Musikk for obo d’amore Obo d’amore har ei solistrolle i J. S. Bachs cembalokonsert i A-dur (BWV 1055) for obo d'amore, strykarar og basso continuo, i Antonio Lottis konsert i A-dur for obo d’amore, strykarar og basso continuo, og i G. P. Telemanns konsert i e-moll for obo d’amore, strykere og basso continuo (TWV 51:e2).
I kammermusikken finst ein triosonate i A-dur for obo d'amore, fiolin og basso continuo av Graun (truleg Johann Gottlieb). I Ravels Bolero er obo d'amoren ein del av orkesteret (dvs. ikkje solist).
Sjå òg Barokkobo
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oboe d’amore» frå , den 7. april 2010. oppgav desse kjeldene: Gifford, Virginia S.: Music for oboe, oboe d’amore and English horn: a bibliography of materials at the library of Congress. - Westport, Conn. : Greenwood, 1983. - ISBN 0-313-23762-X
Amore