Georg Burchard Jersin () var ein norsk prest og stortingsmann.

Jersin var fødd i Leikanger i Sogn, der far hans var prest. Han gjekk i skule i Bergen, student frå katedralskulen i 1786. Cand. theol. vart han i 1793. Jersin var frå 1794 pers. kapellan hos faren, i 1800 vart han residerande kapellan i Voss. Han fekk året etter oppretta Voss soknebibliotek, eit av dei tidlege offentlege biblioteka i Noreg. År 1808 vart han utnemnd til sokneprest i Voss, eit embete han styrte til han døydde. Jersin var forlikskommissær i ei rekke av år.

Jersin var vald til 2. utsending frå Søndre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i april og mai 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet.Georg Burchard Jersin frå Eidsvoll 1814

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Leikanger