Magnificat i D-dur, BWV 243, er ein magnificat komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1728-1731 for pinsen den 2. juni 1733. Bach vart utnemnd til musikkdirektør i Leipzig og kantor ved Tomaskyrkja i mai 1723. I desember hadde han alt komponert 30 kantatar og på juledag presenterte koret hans tre nyskrivne verk, Christen, ätzet diesen Tag BWV 63, Sanctus i C for morgontenesta og ein Magnificat i Ess-dur for aftansongen. Det siste av desse tre stykka danna grunnlaget for Magnificat i D-dur og har blitt eit av dei mest kjende korverka til Bach.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 1: 46-55.

Temaet er basert på salmen «Meine Seele erhebet den Herren» (Tysk Magnificat). Den tidlegare kjende kjelda til denne melodien kjem frå regionen Soest i 1532.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyter, to oboar, to oboar d'amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo (+ fiolonsell, violone, fagott), samt fem songsolistar (sopran 1 og 2, alt, tenor, bass) og femdelt kor (SSATB).

Det består av tolv satsar: Magnificat anima mea Dominus Et exultavit spiritus meus Quia respexit humilitatem Omnes generationes Quia fecit mihi magna Et misericordia Fecit potentiam Deposuit potentes de sede Esurientes implevit bonis Suscepit Israel suum Sicut locus est ad patres nostros Gloria Patri Sicut erat in principio

Kjelder

Bakgrunnsstoff

BWV 243 på bach-cantatas.com

Kategori:Musikk i 1733 Kategori:Musikkverk av Johann Sebastian Bach