Anne Karin Torheim () er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger.

Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er ho representert i antologiar for både vaksne og born, og i læreverk for både grunnskulen og vidaregåande skule. Torheim har også omsett Alice Sebold-romanane Nesten evig (2008) og Alle min kjære (2004) til nynorsk.

Som skodespelar har ho hatt engasjement ved Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Riksteatret og Rogaland Teater.

Torheim sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening i seks år.

Bibliografi Bøker

2020 - Morgon i det nedbrende huset (Oslo: Fanfare). ISBN 978-82-93509-30-1 (Forfattar Margaret Atwood; gjendikting ved Anne Karin Torheim

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Anne Karin Torheim hjå Nasjonalbiblioteket

Om Anne Karin Torheim i Allkunne.no Om Anne Karin Torheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Eid Kategori:Forfattarar frå Eid Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar