Christian Roy Kaldager () var ein norsk flyoffiser.
Han tok eksamen ved Sjøkrigsskulen i 1931 og ved Marinens flygeskule i 1932. Frå 1936 til 1941 var han kaptein i handelsflåten. Frå 1942 var han i Flyvåpenet og tenestegjorde under den andre verdskrigen som leiar for 330-skvadronen.
Han vart forfremja til oberst i 1953 og generalmajor i 1960. Han var generalinspektør i Flyvåpenet frå 1957, og i 1962 vart han leiar for Luftkommando Østlandet og SN sine flystyrkar i Kongo. Frå august 1963 til desember 1963 var han sjef for alle SN-styrkane i Kongo. Han etterfølgde Kebbede Guebre, og vart sjølv etterfølgd av Johnson Aguiyi-Ironsi.«Republic of the Congo – ONUC. Facts and figures» hjå SN. Han var konstituert stabssjef i Forsvarets overkommando frå 1964 til 1968, og deretter kommandant på Akershus festning frå 1968 til 1973 og direktør for Forsvarets høgskule frå 1969 til 1970.
Kjelder «Christian Roy Kaldager» på Wikipedia på engelsk, innhenta 24. april 2010. «Christian Roy Kaldager» hjå Store norske leksikon, innhenta 24. april 2010.
Referansar
Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Baltimore Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Norske flygarar