Air, òg kjend som «Air on the G String» («Air på G-streng») er ein kjend sats frå Orkestersuite Nr. 2 i D-dur, BWV 1068, av Johann Sebastian Bach. Satsen er den andre i verket og er kanskje den mest kjende melodien av alle Bach skreiv.

Bach komponerte truleg denne suiten i 1731. Dette var ikkje den slags musikk han vanlegvis skreiv, og det er lettare kost enn dei normalt meir strenge, religiøse eller fugale verka. Desse verka var berre meint som underhaldning. Det vart truleg først spelt i Leipzig i Zimmermanns kaffihus i Cather-Strasse.

Namnet «Air on the G String» kjem frå eit arrangement for fiolin og piano, av August Wilhelmj. Han transponerte stykket frå den opphavlege D-duren til C-dur og transponerte melodien ned ein oktav. Wilhelmj kunne då spele stykket på berre ein fiolinstreng, G-strengen.

Procol Harum nytta nokre taktar frå dette stykket i hitsingelen deira, «A Whiter Shade of Pale». Air On the G String på Songfacts

Bakgrunnsstoff (nedst) Notar og MIDI-fil på Mutopia Project, orkesterarrangement Notar og MIDI-fil på Mutopia Project, trombonekvartett-arrangement

Kjelder

Kategori:Suitar av Johann Sebastian Bach Kategori:Musikk i 1731

de:Orchestersuiten (Bach)#Suite Nr. 3 D-Dur BWV 1068