Jon Dahl Tomasson () er ein dansk fotballspelar, som i 2009/10-sesongen spela for Feyenoord i nederlandsk Eredivisie, i sin andre periode i klubben, og for det danske landslaget. Han har spelt for klubbar i toppseriane i England, Nederland, Italia, Tyskland og Spania. Han var med på å vinna den nederlandske serien i 1999 og UEFA-cupen i 2002 med Feyenoord og Meisterligaen i 2003 og den italienske serien i 2004 med Milan. I 2002 og 2004 vart han årets spelar i Danmark. Han er den spelaren som har skåra nest flest mål for det danske landslaget.
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Heerenveen-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Villarreal-spelarar Kategori:Folk frå København