Louis-Nicolas Clérambault () var ein fransk musikar, mest kjend som organist og komponist.
Biografi Clérambault kom frå ein musikalsk familie (faren og to av sønene hans var òg musikarar). Då han var særs ung lærte han å spele fiolin og cembalo og han studerte orgel hos André Raison. Clérambault studerte òg komponering og song.
Clérambault vart organist i kyrkja Grands-Augustins og gjekk i teneste hos Madame de Maintenon. Etter at Ludvig XIV og Guillaume-Gabriel Nivers døydde, tok han over for sistnemnte på orgel i kyrkja Saint-Sulpice og kongehuset i Saint-Cyr, ein institusjon for unge jenter frå lågadelen. Han var der ansvarleg for musikk, orgelet, dirigere kor osv. Han overtok denne posten etter at Madame de Maintenon døydde, og det var her han utvikla sjangeren «fransk kantate». I 1719 overtok han etter læraren André Raison på orgel i kyrkja Grands-Jacobins.
Verk mini|Frå Basse et Dessus de Trompette av Clérambault. mini|Basse et Dessus (Basse de trompette et Dessus de Cornet) Av dei publiserte verka hans finn ein mellom anna: mange religiøse stykke med song og kor (motettar, salmar, Magnificat, Te Deum osv.); meir enn 25 verdslege kantater om tema ofte inspirert av gresk-romersk mytologi. sonatar for fiolin og basso continuo: ei bok med dansestykke for cembalo (1704); ei bok med orgelstykke i to suitar (1710)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louis-Nicolas Clérambault» frå , den 1. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske komponistar Kategori:Barokkomponistar Kategori:Franske organistar Kategori:Folk frå Paris