Nouakchott (, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara. Han er ein av dei største byane i Sahara.
Historie
Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk. Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957. Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.
Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet. Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar. Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker. Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott. Byen har også ein internasjonal flyplass.
Administrasjon Nouakchott er delt inn i tre administrative regionar (wilayat) som er leidde av guvernørar utnemnde av den sentrale styresmakta. Kvar region er delt inn i tre department (moughataa):
Nouakchott-Nord (Nouakchott nord): Dar-Naim, Teyarett, Toujouonine Nouakchott-Ouest (Nouakchott vest): Ksar, Sebkha, Tevragh-Zeina Nouakchott-Sud (Nouakchott sør): Arafat, El Mina, Riyad
Nouakchott var opphavleg eit distrikt, men blei ein mauritansk region i 1990. 25. november 2014 blei denne delt inn i dei tre noverande regionane. Den tidlegare guvernøren av Nouakchott, Mahi Ould Hamed, blei den fyrste guvernøren av Nouakchott-Nord.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Byar i Mauritania