Carl Fredrik Kolderup () var ein norsk professor i geologi ved Bergen museum. Kolderup grunnla den mineralogisk-geologiske avdelinga på Bergens Museum og var ein pioner innan utforskinga av geologien på Vestlandet
Kolderup tok examen artium ved Tanks skole i 1882 og han studerte geologi i Kristiania eitt år på Krigsskolen under Waldemar Christofer Brøgger. I 1892 avla han cand.real.-eksamen. Frå 1896 var han tilknytt Bergens Museum, først som samlingsbestyrar og stipendiat, seinare som dosent og frå 1914 til 39 som professor og direktør.
I 1914 fekk dei fem faglege leiarane ved Bergen museum professortitlar: dr. August Brinkmann på Zoologisk avdeling, dr. Bjørn Helland-Hansen på Biologisk stasjon, Jens Holmboe på Botanisk avdeling, dr. Carl Fredrik Kolderup på Mineralogisk-geologisk avdeling og dr. Haakon Sheteleg på Historisk-antikvarisk avdeling.
Kolderup forska på anortosittar, omdanna kambro-siluriske bergartar og devonfelta på Vestlandet. 1908 tok han doktorgraden på ei kvartærgeologisk problemstilling, Bergensfeltet og nærliggande område i i seinglacial og postglacial tid. Han leia dei norske jordskjelvundersøkingane frå 1899 og oppretta den første jordskjelvstasjonen i landet i 1905. Han skreiv om resultat frå stasjon i 29 avhandlingar om jordskjelv. I tillegg laga han dei mineralogisk-geologiske samlingane ved Bergens Museum.
Kolderup var òg medlem av Bergen bystyre, formann i Bergens høgreforeining, medlem av Høgres sentralstyre, forlikskommissær, formann i komiteen for Norges Handelshøyskole og varamann i skulerådet, formann i forstanderskapet for dei høgare skulane og mykje anna. Under og etter brannen i Bergen i 1916 var han fungerande ordførar og fekk dermed eit stort arbeidspress sidan han samtidig arbeidde som geologiprofessor og museumsdirektør.
Utmerkingar C. F. Kolderup var kommandør av den nederlandske Oranje-Nassau Orden. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og fleire utanlandske foreiningar. I lag med sonen Niels-Henrik Kolderup mottok han hausten 1940 ein pris for monografien Geology of the Bergen Arc System.
Verk Eit utval av verka til Kolderup. Die Labradorfelse des westlichen Norwegens. I. Das Labradorfelsgebiet bei Egersund und Soggendal, BMÅ 1896 nr. 5, 1896 Die Labradorfelse des westlichen Norwegens. II. Die Labradorfelse und die mit denselben verwandten Gesteine in dem Bergensgebiete, BMÅ 1903 nr. 12, 1903 Bergensfeltet og tilstødende trakter i senglacial og postglacial tid, dr.avh., BMÅ 1907 nr. 14, 1907 Fjeldbygningen i strøket mellom Sørfjorden og Samnangerfjorden i Bergensfeltet, BMÅ 1914–15 nr. 8, 1915 Slekten Kolderup i Bergen, Bergen 1939 Geology of the Bergen Arc System (i lag med N.-H. Kolderup), Bergens Museums Skrifter 1940 nr. 20, 1940
Kjelder Norsk biografisk leksikon (NBL):
Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Norske geologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Oranje-Nassau-ordenen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Bergen