Kennedy Mweene () er ein zambisk fotballspelar. Han har spela som keeper for Free State Stars i den sørafrikanske fotballigaen og for landslaget til Zambia.
Mweene har spelt for dei zambiske klubbane Lusaka Celtics og Kitwe United i Division One, nest høgste divisjon i landet. I 2005 vart han kjøpt av Free State Stars i den sørafrikanske toppdivisjonen. Etter den første sesongen hans der rykte klubben ned, men Mweene vart verande i klubben og vart fast førstekeeper. I neste sesong rykte klubben opp att med 18 poengs forsprang til neste klubb. Mweene heldt fram å vera førstekeeper for klubben. I 2008/09-sesongen vart han kåra til årets keeper i sørafrikansk Premier League.
Mweene var med på å vinna COSAFA-meisterskapen (for land i det sørlege Afrika) for U20-landslaget. Han debuterte for A-landslaget i 2004 i ein kamp mot Malawi. Han var lenge reservekeeper på landslaget, men då førstekeeperen, Kalililo Kakonje, vart skada i 2005, fekk han sjansen som førstekeeper igjen, men klarde ikkje å etablera seg fast på laget før i 2006. Sidan då har han stort sett vore førstekeeperen til Zambia.
Kjelder Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå tysk wikipedia 9. mai 2010.
Kategori:Zambiske fotballspelarar