Cuauhtémoc Blanco Bravo () er ein mexicansk fotballspelar som har spela for Veracruz i den mexicanske fotballigaen, og for det mexicanske landslaget.

Blanco har blitt kåra til beste spelar i den mexicanske toppdivisjonen fem gonger. Han er den spelaren som har skåra nest flest mål for Mexico sitt landslag gjennom tidene. Han har spelt det meste av karrieren sin i klubbar i Mexico, og var tilknytt Club América i 15 år, frå 1992 til 2007. To av desse åra, frå 2000 til 2002, var han lånt ut til Real Valladolid i Spania. Han har òg spelt to år, 2007 til 2009, for Chicago Fire i den amerikanske proffligaen Major League Soccer.

Blanco har delteke i to fotball-VM for Mexico, i 1998 og 2002, og skåra i begge to, men han vart ikkje teke ut til Mexico sin tropp til fotball-VM i 2006. 13. september 2008 fekk han sin landskamp nummer 100 for Mexico. Han spelte i fleire av Mexico sine kvalifiseringskampar til VM i 2010.

Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Real Valladolid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010