Elano Ralph Blumer () er ein brasiliansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for landslaget til Brasil.

Elano spelte i tre år i storklubben Santos og vann den brasilianske serien med dei i 2004. Same året drog han til Europa og Sjakhtar Donetsk i Ukraina. Etter tre år i Ukraina, der han var med på å vinna serien i 2005 og 2006, vart han kjøpt for 8 millionar britiske pund av Manchester City, 2. august 2007. Etter ein vellukka første sesong, der han vart klubben sin toppskårar i Premier League med 8 seriemål, fekk han problem med å halda ein fast plass på laget i 2008/09-sesongen. 30. juli 2009 skreiv han under for den tyrkiske toppklubben Galatasaray.

Elano debuterte for Brasil sitt A-landslag i oktober 2004. Då han spelte for Brasil mot Noreg 16. august 2006, vart han den første spelaren frå den ukrainske fotballigaen til å spela på Brasil sitt landslag. Han var med på Brasil sitt lag som vann Copa América i 2007.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Sjakhtar Donetsk-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Galatasaray-spelarar