Nelson Antonio Haedo Valdez () er ein paraguayansk fotballspelar som har spela i angrep for Paraguay sitt landslag og for Hércules i spansk Primera Division. Det første etternamnet hans er eigentleg Haedo, men i Tyskland var han betre kjent under etternamnet Valdez.

Haedo Valdez voks opp i ringe kår i Paraguay. Han har fortald til tysk presse at då han spelte for Atlético Tembetary i paraguayansk andredivisjon, var han heimlaus og sov under tribunen.Bild.de på tysk, 30. april 2008. Han drog til Europa og Werder Bremen i Tyskland som 18-åring. Han vart fast i A-stallen frå 2003/04-sesongen, men 1. juli 2006 skifta han klubb til Borussia Dortmund, for å få meir speletid. I april 2008 vart han skildra av tyske presse som ein flopp, men i 2008/09-sesongen presterte han betre for Dortmund, og i april 2009 vart kontrakten hans med klubben forlenga til 2012. Før 2010/11-sesongen vart han selt til Hércules i Spania for om lag 3,5 millionar euro.

Haedo Valdez debuterte for Paraguay sitt A-landslag i 2004. Han spelte alle Paraguay sine tre kampar i fotball-VM i 2006, utan å skåra mål. 9. september 2009 skåra han det einaste målet då Paraguay slo Argentina i kampen som gjorde at Paraguay kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010.

Referansar

Kategori:Paraguayanske fotballspelarar Kategori:Werder Bremen-spelarar Kategori:Borussia Dortmund-spelarar Kategori:Hercules-spelarar Kategori:Rubin Kazan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010