Hærfugl (Upupa epops) er ein fugl i familien hærfuglar som held til i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Fuglen har ein karakteristisk og kraftig farga fjørdrakt i svart, kvitt og oransje, og ein fjørkam på hovudet som vert reist opp når fuglen er opphissa. Elles ligg fjørkammen som ein bakovervend fjørspiss. Også læta er markant og når vidt.

Hærfugl er nasjonalfuglen til Israel. mini|venstre|Hærfugl med oppreist fjørkam.

Taksonomi og utbreiing Hærfuglen er nær i slekt med sporvefuglar og høyrer til i slekta Upupa og familien Upupidae. I dag vert familien oftast plassert i ordenen råkefuglar (Coraciiformes), men iblant vert han sett i den eigne ordenen Upupiformes. Hærfuglen vert i sin tur delt opp i ei rekkje underarter. Nokre taksonomar har gitt nokre av underartane artstatus.

Utbreiing Hærfuglen held til i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Verdspopulasjonen er dels trekkfuglar, dels standfuglar etter kor langt mot nord dei hekkar. Dei europeiske fuglane dreg sørover i august-oktober for å overvintre i Afrika, og kjem attende i april-mai..

Førekomst i Noreg og Sverige Fuglen hekkar ikkje i Norge. Eksemplar av arten har vore observert enkeltvis i heile landet, særleg haust og vår.

Hærfugl etablerte seg som hekkefugl i Sverige i første halvdelen av 1800-talet, men forsvann att rundt 1920. Seinare fann nokre fleire hekkingar stad, særleg på Öland, som er det området ein oftast ser fuglen i Sverige. I 2010 blei fuglen offisielt rekna som utdøydd i Sverige.

Underartar i taksonomisk orden Denne opprekninga er i samsvar med Clements et al., 2008Clements et al. (2008) Clements Checklist version nov. 2008 (exceldokument), www.birds.cornell.edu, läst 2010-02-09 U. e. epops - hekkar i store delar av palearktis. U. e. major - hekkar i Egypt U. e. senegalensis - hekkar i Sahel, frå Senegal og Gambia til Etiopia, Somalia og nordlege delar av Kenya. Vert av somme rekna som eigen art. U. e. waibeli - hekkar i det nordaustre Kamerun, lengst sør i Tsjad, i Den sentralafrikanske republikken, lengst sør i Sudan, nordlege delar av Zaire og nordvestre delen av Uganda. U. e. africana (Afrikansk hærfugl) - hekkar i Afrika sør for ekvator, frå søre delen av Zaire, dei sørlege delane av Uganda og Kenya vidare til sørspissen av Afrika. Ofte rekna som eigen art. U. e. orientalis - hekkar nordvest i India. U. e. ceylonensis - hekkar i sentrale og sørlege delar av India og på Sri Lanka. U. e. saturata - hekkar i det austre Sibir, i Mongolia og Kina. U. e. longirostris - hekkar i Assam, Burma, Thailand, Laos, Vietnam og Kambodsja. Tidlegare hekka fuglen også på Malakkahalvøya.

Madagaskarhærfugl (Upupa marginata), som er endemisk på Madagaskar, vert iblant rekna som underart til hærfuglen.

Skildring Hærfuglen er 28 cm lang og veg 55-80 gram. Vengespennet er 44-48 cm.

mini|Læte av hærfugl. Fjørdrakta er noko mellom klart oransje og bleikt beige i fargen, med svarte og kvite render på vengane, ryggen og stjerten. På hovudet har fuglen ei fjørkrone eller fjørkam, med svarte toppar. Kammen kan reisast rett opp, men ligg oftast nedfelt og ser då meir ut som ein nakketufs. Fuglen går på marka som ein stare. I flukt verkar fuglen litt sommarfuglaktig i rørslemåten.

Læta er eit trestava «opp-opp-opp».

Levevis mini|venstre|Hærfugl på matjakt i ei eng. Hekking

Hærfuglen byggjer reir i trehol, blant steinblokker eller i steinmurar. Reiret ligg gjerne 1,5 meter over marka. Hoa legg 5-8 grå eller gule 26 mm lange egg. Desse rugar ho i 16-18 dagar. Ungane er flygeklare etter 26-29 dagar.

Biotop og føde Fuglen held til i opne kulturlandskap. Han livnærer seg av blant anna store insekt, mark og små øgler i beitemarkar og liknande plassar og plukkar gjerne i dyrelort etter føde.

Hærfugl i kulturen Den oppsiktsvekkjande utsjånaden og høge lætet har gjort at hærfuglen har fått ein framtredande plass i ulike kulturar. Han er freda i ei rekkje land. Fuglen kan vera til gagn ved å eta larvar av skadedyr. I 2008 blei hærfuglen vald til nasjonalfugl for Israel, som ligg langs trekkruta hans. Han er også statsfugl for Panjab i India.

Namn

Det er læta som har gitt fuglen det vitskaplege namnet «Upupa». Dette vart brukt allereie av Aristoteles.Månadens P2-fågel: december 2004, Härfågel, Upupa epops Også det engelske namnet hoopoe er lydhermande.hoopoe (n.), Online Etymology Dictionary </ref>

Det nordiske namnet hærfugl kan kome av det svenske oäringsfågel, som speglar attende på uår og dårlege avlingar. Hærfuglen har vore sett på som eit varsel om krig og svolt då læta på svensk har vore tolka som: «Upp! Upp! Upp! Ut! Ut!».

Hærfugl i tru og litteratur mini|Arabisk kalligrafi forma som ein hærfugl. Hærfuglen har ein framtredande plass i mytologi og folketru. Dei var rekna som heilage i Det gamle Egypt, der dei blei framstilt på veggmåleri i graver og tempel. Dei hadde ein liknande status i Den minoiske sivilisasjonen på Kreta. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Fuglen er med i gresk mytologi, der Terevs blir forvandla til ein hærfugl, og er ein viktig figur i skodespelet 'Fuglane' av Aristofanes.

Hærfugl er nemnd i Mosebøkene som ulovleg å eta. Koranen fortel at kong Salomo hadde med ein hærfugl på reisene sine ettersom han kunne finna underjordiske vasskjelder. I det episke diktet Fuglenes forsamling frå Persia er ein hærfugl vis ordstyrar for fuglane som ønskjer seg ein leiar. Hærfuglen blir ridedyr og følgjesven for hovudpersonen i den eventyrlege boka Harun og historienes hav av Salman Rushdie.

I eit eventyr i Tusen og en natt blir det fortald at ein kan få nokon til å fortelja om løyndommane sine om ein legg eit hærfuglhjarte under hovudet deira medan dei søv. I Sveits trudde ein at ein kunne lækja snue ved å drikka oske av hærfugl blanda med vin.

Hærfuglen blei vald til nasjonalfugl for Israel i 2008.Erez Erlichman.«Hoopoe Israel's new national bird», ynetnews.com (05.30.08)

Kjelder

hærfugl (20.03.2013) i Store norske leksikon. Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom

Delar av denne artikkelen bygger på «Härfågel» frå , den 8. april 2013. Delar av denne artikkelen bygger på «Hærfugl» frå , den 23. mai 2010.

Bakgrunnsstoff Sveriges Radio: P2-fågeln Härfågel - Läte

Kategori:Hærfuglfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Streiffuglar i Noreg Kategori:Israelske nasjonalsymbol