mini|David Halberstam (1978) David Halberstam () var ein amerikansk journalist og forfattar, fødd i New York by. Han var son av ein kirurg og ein lærar. 13 av bøkene hans vart bestseljarar.
Halberstam fullførte journalistikkstudiane ved Harvard-universitetet i 1955, og byrja karrieren sin med å skriva for avisa Daily Times Leader i West Point i Mississippi. Mot slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra dekte han byrjinga på borgarrettsrørsla for avisa Nashville Tennesseean.
I midten av 1960-åra dekte han Vietnamkrigen for New York Times, der reportarverksemda hans leidde den amerikanske presidenten John F. Kennedy til å be om at han vart overført til eit anna byrå. Han vann Pulitzer-prisen for internasjonal reportasje i 1964.
Seinare i karrieren skreiv Halberstam om emne innan historie og sport. Han har også arbeidd med ei bok om Koreakrigen.
Bøker The Unfinished Odyssey of Robert Kennedy, 1965 The Making of a Quagmire: America and Vietnam during the Kennedy Era, 1965 Ho, 1971 The Best and the Brightest, 1972 The Powers That Be, 1979 The Amateurs: The Story of Four Young Men and Their Quest for an Olympic Gold Medal, 1985 The Reckoning, 1986 Summer of '49, 1989 The Next Century, 1991 The Fifties, 1993 October Nineteen Sixty-Four, 1994 Freedom Riders, 1998 The Children, 1999 Playing for Keeps: Michael Jordan and the World He Made, 1999 Sports on New York Radio: A Play-By-Play History, 1999 War in a Time of Peace: Bush, Clinton, and the Generals, 2001 Firehouse, 2002 The Teammates, 2003
Bakgrunnsstoff
Biografi
Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:Politiske skribentar Kategori:Folk frå New York City