Yoann Miguel Gourcuff () er ein bretonsk fransk fotballspelar. Han har spela på midtbanen for Lyon i Ligue 1 og det franske landslaget.

Gourcuff er son av Christian Gourcuff, trenaren til førstedivisjonslaget Lorient, der Gourcuff begynte karrieren sin. Han drog til Rennes i 2001 og debuterte på seniornivå der. Frå 2006 til 2009 spelte han for den italienske toppklubben Milan, men vart aldri fast på A-laget der. I 2008 gjekk han på lån til Bordeaux, og i 2009 vart overgangen permanent. Han vart kåra til årets franske spelar og årets spelar i Ligue 1 i 2009.

Gourcuff debuterte for Frankrike sitt A-landslag 20. august 2008 som innbytar i ein vennskapskamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania 11. oktober 2008. Under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 spelte Gourcuff fast som offensiv midtbanespelar for Frankrike.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Rennes-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Lyon-spelarar