Carl Philip () er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.

Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.

Namn og titlar 13. mai 1979-31. desember 1980: Den høgvørde kronprins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland 1. januar 1980–idag: Den høgvørde prins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland

Galleri Carl Philip av Sverige

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Carl Philip av Sverige» frå , den 25. mi 2010.

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Fyrstehuset Bernadotte Kategori:Svenske kronprinsar Kategori:Svenske prinsar Kategori:Hertugar av Värmland Kategori:Kongelege frå Stockholm