Fylkesveg 603 i Vestland fylke går mellom Marifjøra og Eikum i Luster, med ei veglengd på 5,25 km.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet. Fram til då var Fylkesveg 603 ein 245 m lang sideveg som knytte Marifjøra til Fylkesveg 55. Frå Marifjøra gjekk gamle Fylkesveg 336 i Sogn og Fjordane søraustover langsmed Gaupnefjorden og Lustrafjorden til Eikum, ei strekning på 5 km. Denne vegen vart nå del av Fylkesveg 603.

Kommunar og knutepunkt

Lustravegen Marifjøra

Endepunkt Eikum

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Primære fylkesvegar

Kategori:Vegar i Luster