thumb|Over Storebrua i Sandane thumb|Over Å bru i Hyen Fylkesveg 615 (Fv615) går mellom Sandane i Gloppen kommune og Storebru i Kinn kommune.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trødde i kraft fekk han status som fylkesveg.
Dåverande Riksveg 615 (Rv615) vart bygd frå noverande Riksveg 5 Storebru til Hyen, og samstundes vart dåverande Riksveg 612 lagt frå det gamle hovudvegkrysset ( Nordstrandsvegen x Sørstrandsvegen x Breimsvegen) i Sandane til Hestenesøyra. Mellom Hyen og Hestenesøyra gjekk det ferje med tilknyting til Anda og Lote. Den nye vegen mellom Hyen og Hestenesøyra opna den 1. juni 1989 som ei forlenging av Riksveg 615, og året etterpå vart Riksveg 612 lema inn som del av vegen. Med dette vart det òg slutt på ferjesambandet mellom Hyen og Hestenesøyra.
Den 3. november 2001 vart ny det opna ein ny vegtrasé for Europaveg 39 mellom Andenes og Valborgkleiva, og som fylgje av det vart den gamle traséen mellom Sandane hovudvegkryss og Valborgkleiva del av Rv 615.
Kommunar og knutepunkt
Valborgkleiva Sandane vegkryss: Breimsvegen x Nordstrandsvegen x Sørstrandsvegen → Nordstrandsvegen til Andenes (8,2 km) → Vereide kyrkje
Storebrua vegkryss: Sørstrandsvegen (frå Sandane) x Sørstrandsvegen (mot Gimmestad) x Søreidsvegen → Søreidsvegen til Kandalsvegen og Vassenden (5,6 km) Storebrua (60 m) Fitje → Øvre Sørstranda til Ryggskaret, Rauset og Sande (6,7 km) Sørstranda Gimmestad kyrkje Gimmestad gamle kyrkje Rygg Sande → Øvre Sørstranda til Rauset, Ryggskaret og Fitje (6,7 km) Devik
Omnentunnelen (156 m) Hestenesøyra Eikenestunnelen (1008 m) Skavstøtunnelen (446 m) Fløgatunnelen (1406 m) Gjølsvoratunnelen (89 m) Kleppenestunnelen (55 m) Kleppeneset Osmundneset Skasvoratunnelen (90 m) Holme Åreneset Å bru → Austredalen til Gjengedal (10,5 km) Hyen Vegkryss Hyevegen (frå Sandane) x Straumsvegen x Hyevegen (mot Storebru) → Kommunal veg Straumsvegen → Hyen stadion → Hyen kyrkje Hope Korsstøylane Breistøylen Fullskjegga Demma → kommunal veg til Røyrvika Skogheim → kommunal veg Eimhjellevegen til Heimseta og Eimhjellen Langeneset Nesholmen Hjorteset Solheim Sagefossen kraftverk
Støylsvika → kommunal veg til Lykkjebøen Storebru
Bakgrunnsstoff
Kategori:Primære fylkesvegar
Kategori:Vegar i Gloppen Kategori:Vegar i Kinn