Poul Holst () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Holst var fødd i Drammen, der far hans var kjøpmann. Sjølv vart han student frå Kongsberg skule i 1807, og cand. jur. i 1811. Han var tilsett i det danske kanselli i København, vende tilbake til Noreg i 1814 og vart same året justissekretær i høgsterett. Frå 1819 var han ekspedisjonssekretær i Kyrkjedepartementet. I 1829 vart han konstituert justitiarius i Kristiania stiftsoverrett, to år seinare assessor i Noregs Høgsterett.

Poul Holst var med i nokre kongelege kommisjonar. Mellom anna var han med i kommisjonen om fattiglova 1829, og han var formann i brenneri-kommisjonen 1833.

Holst representerte Kristiania på Stortinget i 1833, 1836, 1836-37 og 1839. På alle fire tingsamlingane var han president i Odelstinget. I 1833 var han elles formann i kyrkjekomiteen, i komiteen om Bodøsaka og om slottsbygninga og medlem av kriminallovkomiteen. Også i 1836 og 1836-37 var han formann i kyrkjekomiteen, og han var formann i fullmaktskomiteen. I 1836-37 var han i tillegg formann i kriminallovkomiteen. Heldt fram som formann i fullmaktskomiteen i 1839, elles formann i valkomiteen og i justiskomiteen. Til liks med dei andre stortingsmennene frå Kristiania i denne perioden høyrde Holst heime i den liberale og nasjonale fløya i Stortinget. 1818-39 var Holst stortingsarkivar.

Holst var medlem av bystyret i Kristiania 1837-40. Han døydde i hovudstaden i 1840.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Store Norske Leksikon

Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Norske juristar Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå Drammen