Slaget ved Wilhelmsthal (stundom skrive Slaget ved Wilhelmstadt) vart utkjempa den 24. juni 1762 under sjuårskrigen mellom dei allierte styrkane til Storbritannia, Preussen, Braunschweig og Hessen, kommandert av hertugen av Braunschweig mot Frankrike. Frankrike truga Hannover, så dei allierte forflytta seg rundt franskmennene, omringa invasjonsstyrken og tvinga dei attande. Det var den siste store kamphandlinga med styrkane til Braunschweig før freden i Paris som avslutta krigen.

Bakgrunn Frankrike hadde prøvd fleire gonger å invadere og overta Hannover sidan 1757, og håpte å okkupere kurfyrstedømet og nytte det som forhandlingsobjekt i byte mot franske koloniar som britane hadde erobra. Dei allierte under hertugen av Braunschweig hadde hindra dei å ta Hannover og i 1762 då franskmennene rekna med at krigen snart var over, prøvde dei eit siste forsøk på å slå Braunschweig og okkupere Hannover.

Slaget

Ferdinand hadde rykt fram og omgått franskmennene på begge flankane, og nesten omringa dei. Eit åtak på det franske senteret kommandert av Stainville var særleg effektivt, og ein kolonne gjekk til åtak mot fronten, medan ei anna gjekk til åtak bakfrå, og påførte franskmennene eit tap på 1500 mann,Savory, Reginald, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.373. og tvinga fleire regiment til å overgje seg.

Etterverknad

Resultatet vert sett på som ein siger for dei alliere styrkane. Det enda det siste franske håpet om okkupere Hannover før våpenkvilen og Paris-traktaten enda krigen. Dei engelsk-tyske styrkane rykte fram og erobra Kassel i november, men då hadde dei første fredsavtalane alt vorte underteikna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Battle of Wilhelmsthal» frå , den 3. juni 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Slaget ved Wilhelmsthal på www.britishbattles.com

Slaget ved Wilhelmsthal Kategori:Franske slag Kategori:Prøyssiske slag Kategori:Britiske slag Kategori:Slag i sjuårskrigen