Sivert Pålsson Bratberg () var ein norsk lærar, gardbrukar og eidsvollsmann frå Solberg sokn i Beitstad i Nord-Trøndelag.Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 123
Bratberg var i yngre år omgangsskulelærar i Solberg. Sidan var han gardbrukar på garden Velde i heimbygda. I 1814 var han utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll.
Det er noko uklårt kva for eit parti han stemde med, Eidsvoll 1814 oppgjer at det er ukjend og Store norske leksikon skriv at han moglegvis tilhøyrde Sjølvstendepartiet.Sivert Paulsen Bratberg i Store Norske Leksikon
Han døydde på garden sin sommaren 1816, etter å ha vorte sparka av ein hest.
I 1914 blei det reist eit minnesmerke over Bratberg og eidsvollmannen Daniel Larsson Skjevik på Solberg gamle kyrkjegard på Beitstad i Steinkjer.Solberg gamle kirkegård frå Steinkjerleksikonet
Referansar
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Steinkjer