Shane Edward Smeltz () er ein newzealandsk fotballspelar som har spela som keeper for Gold Coast United i den felles australsk-newzealandske ligaen A League, og for New Zealand sitt landslag. Han vart fødd i Göppingen i Baden-Württemberg i Tyskland. Smeltz har spelt for mange ulike klubbar i Australia og New Zealand. Frå 2005 til 2007 spelte han i klubbar i dei lågare divisjonane i England. Tilbake i heimlandet hadde han suksess i den newzealandske proffklubben Wellington Phoenix og i Gold Coast United i Australia. Han vart kåra til årets fotballspelar i Oseania i 2007 og 2008.

Kategori:Newzealandske fotballspelarar Kategori:Mansfield-spelarar Kategori:AFC Wimbledon-spelarar Kategori:Halifax-spelarar Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2012