Esteban Efraín Paredes Quintanilla () er ein chilensk fotballspelar som har spela for Colo-Colo i den chilenske fotballigaen, og for det chilenske landslaget. Han vart toppskårar i den chilenske ligaen i apertura-sesongen i 2009, då han spelte for Santiago Morning. Han debuterte for Chile sitt A-landslag i 2006 då han spelte to kampar, mot Colombia og Peru. Det tok tre år før han fekk den tredje landskampen sin, i 2009. Han var med i Chile sin tropp til fotball-VM i 2010.

Kategori:Chilenske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014