mini|Dei sju kurfyrstane vel Henrik VII til romersk konge i 1308. Kurfyrste (tysk Kurfürst, av mellomhøgtysk kur, 'val' og fürste 'fyrste', latin princeps elector imperii eller elector) var ein tittel for dei fyrstane i det tysk-romerske riket som utgjorde kurfyrstekollegiet og sidan 1200-talet var dei einaste som hadde stemmerett ved valet (mellomhøgtysk: kure) av romersk konge. Den som blei vald til romersk konge blei tradisjonelt seinare krona til tysk-romersk keisar, fram til 1500-talet av paven i Roma.
Ingen kvinner vart valt til kurfyrste, men ektemaken til kurfyrstane fekk tittelen kurfyrstinne. mini|Keisar Karl IV kunngjer den gylne bullen, som fastsette valreglane for kurfyrstekollegiet.
Samansetjinga av kurfyrstekollegiet
Frå seinmellomalderen til 1600-talet bestod kurfyrstekollegiet av sju riksfyrstar, tre geistlege og fire verdslege
erkebiskopen av Mainz erkebiskopen av Köln erkebiskopen av Trier pfalzgreven ved Rhinen (Kurpfalz) hertugen av Sachsen markgreven av Brandenburg kongen av Bøhmen
I det 17. hundreåret blei kollegiet utvida med hertugen av Bayern hertugen av Braunschweig-Lüneburg (det seinare kongeriket Hannover)
Riksdeputasjonshovudbeslutninga frå 1803 oppheva dei geistlege kurrettane for Köln og Trier i tillegg til kurretten for pfalzgreven ved Rhinen, og overdrog Mainz-kurretten til det nye fyrstedømet Regensburg-Aschaffenburg. Fire nye riksfyrstar mottok kurrett, men kunne ikkje lenger utøve den etter at det gamle riket tok slutt i 1806. Desse var: erkebiskopen av Salzburg hertugen av Württemberg markgreven av Baden landgreven av Hessen-Kassel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kurfyrste» frå , den 9. juni 2010.
Kategori:Tysk historie Kategori:Adelstitlar