Raudåte er ein art av hoppekreps. Han er eit dyreplankton og har ein sentral posisjon i økosystemet i heile Nord-Atlanteren der han er ei svært viktig matkjelde for mellom anna fiskeyngel, lodde og sild.

I enkelte område utgjer raudåte 90 % av biomassen. Ein har anslått at bestanden til mellom 100 og 150 millionar tonn (våtvekt) i Dei nordiske hava utanom Barentshavet, men slike bestandsanslag er vanskelege og blir dermed forholdsvis usikre.

Raudåte blir ca. 5 mm lang. Han lever på store havdjup i vinterhalvåret, men kjem opp i dei øvste 50 meterane om sommaren. Den raude fargen, og dermed også namnet, kjem frå karoten i kosten.

Bakgrunnsstoff - regjeringen.no - 2.4.3 Raudåte i Norges økonomiske sone, NOU 2005: 10 Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser forskning.no - Stor omsorg for lite dyr , 31. juli 2005 På vei til noe stort - aftenposten.no

Kategori:Krepsdyr