Peder Martin Ottesen () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Ottesen var fødd på Høyland prestgard. Han vart student i 1804 og cand. jur. i 1807. 1807-10 var han byråsjef i den norske regjeringskommisjonen, kansellisekretær i 1811. I 1813 vart han sorenskrivar i Inderøy, og i 1818 assessor i Akershus stiftsoverrett. 1826-28 var han amtmann i Stavanger amt, deretter borgarmeister i Kristiania frå 1828. I 1836 vart han assessor i høgsterett, og var såleis medlem av riksretten både i 1836 og i 1845.

Ottesen var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1818. Han var visesekretær i Lagtinget og medlem av 17 komitear. I ein av komiteane var han formann, sekretær i fire andre. Han var formann i komiteen om søndagsfiskje, sekretær i mellom anna komiteen om seminar og lærarløner og i komiteen om geistlege embetsmenns løn.

Han døydde i Kristiania i 1852.

Kjelder

Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Rogaland Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag