Jon Larsson Håven () var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Sunndal.

Håven var fødd i Sunndal, faren var ein husmann. Han fekk lite skulegang, eit par veker for året. 1837-38 gjekk han i lære hos soknepresten for å verte lærar. I den lange perioden frå 1838 til 1876 var han lærar og kyrkjesongar i heimbygda. Frå 1842 var han kommunekasserar ei tid, kom med i heradstyret i 1843. Han var med i heradstyret i om lag 25 år, fleire år var han ordførar. Mangeårig medlem av forlikskommisjonen og jamnt utsending til valtinga.

I 1859-60 og 1862-63, samt overordentleg storting 1864, representerte Håven Romsdals amt på Stortinget. Han var medlem av protokollkomiteen.

Håven kjøpte i 1847 garden Åker i Sunndal og dreiv denne til etterkomarar tok over. Han døydde i 1898 som kårmann på Åker.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Sunndal