Engebret Olsen Moe () var ein norsk gardbrukar, ordførar i Hole kommune og stortingsrepresentant. Han var far til folkloristen Jørgen Moe.
Moe var fødd og oppvaksen garden Vaker i Norderhov. I 1805 gifta han seg til garden Mo i Hole, overtok seinare garden etter svigerfar sin. Han inntok ei leiarrolle i bygdesamfunnet, vart i seinare år ofte omtala som 'Far Moe'. Han oppretta i krigsåra 1807-14 eit bygdemagasin, var med på den omfattande utskiftinga av Krokskogen, og hadde ei rekke kommunale verv, var også 1848-49 ordførar i Hole.
Moe var stortingsrepresentant frå Buskerud 1815-16, 1830, 1833 og 1839. I 1815-16 var han medlem av tre komitear, ein av dei var militærkomiteen. I 1830 medlem av valkomiteen, justiskomiteen og matrikkellovkomiteen. Både i 1833 og 1839 var han medlem av Lagtinget og justiskomiteen.
Han døydde på Mo i 1849.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Ordførarar i Hole Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hole Kategori:Folk frå Ringerike