Communiqué er det andre albumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 15. juni 1979 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet gav singelen «Lady Writer», som nådde 45. plassen på Billboard Hot 100-lista og 51. plassen på UK Singles Chart. Albbumet nådde førsteplassen på albumlistene i Tyskland, New Zealand og Sverige, 11. plassen i USA, og femteplassen i Storbritannia. Communiqué selde til gullplate i USA, platina i Storbritannia og dobbel-platina i Frankrike.
Innspeling Communiqué vart spelt inn frå 28. november til 12. desember 1978 ved Compass Point Studios i Nassau. Albumet vart produsert av Barry Beckett og Jerry Wexler, veteranprodusentar frå Muscle Shoals Sound Studio som gjorde legendariske innspelingar med Wilson Pickett, Aretha Franklin, the Staple Singers, The Rolling Stones, Traffic, Elton John, Boz Scaggs, Willie Nelson og Paul Simon.
Utgjeving Communiqué vart det første albumet nokon gong som gjekk til førsteplassen i Tyskland same veka som det kom ut. Dette skjedde i tillegg medan debutalbumet Dire Straits framleis låg på tredjeplassen i landet. Albumet selde over 7 millionar eksemplar verda over, mellom anna 3,6 millionar i Europa.
Communiqué vart remastra og utgjeve med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 for det meste av verda utanom USA, og den 19. september 2000 i USA.
Plateomslag Plateomslaget vart laga av Grant Advertising UK. Det vann prisen for årets plateomslag i NME awards i 1979.
Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet 2,5 av 5 stjerner og skreiv at albumet ikkje verka å vere «noko meir enn ein blåkopi av føregjengaren med litt mindre uimotståelege songar».
Innhald
Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, solo- og rytmegitar David Knopfler – rytmegitar and vokal John Illsley – bass and vokal Pick Withers – trommer B. Bear – klaverinstrument
Production Barry Beckett – produsent Jerry Wexler – produsent Jack Nuber – lydteknikar Thelbert Rigby – lydbandoperatør Gregg Hamm – miksing Bobby Hata – mastering Paul Wexler – masteringleiar Geoff Halpin – illustrasjonar Bob Ludwig – remastering Alan Schmidt – design
Lister og salstrofé Album Communiqué låg 30 veker inne på den britiske albumlista. Liste (1979)PlasseringAustralia5Austerrike7Tyskland1Italia17Noreg2New Zealand1Sverige1UK Album Chart5US Billboard 20011
Singlar ÅrSongBillboard Hot 100UK Singlar 1979 «Lady Writer»4551
Sal og salstrofé
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Communiqué (Dire Straits album)» frå , den 15. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Communiqué at Mark Knopfler official website
Kategori:Dire Straits-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Jerry Wexler Kategori:Album produserte av Barry Beckett Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album