mini|Frå gravferda til Heuch 19. februar 1904. Johan Christian Heuch () var ein norsk lærar, prest, biskop i Kristiansands stift, redaktør og forfattar. Han var son til Johan C. Heuch.
Heuch var frå Kragerø, der faren var kjøpmann. Sjølv vart han student frå Nissens skole i hovudstaden i 1856, og cand. theol. i 1861. 1861-62 studerte han i utlandet, Leipzig og Erlangen. 1863-64 var han lærar ved borgarskulen i Kragerø. Frå 1865 til 1871 var han personalkapellan hos Jørgen Moe i Bragernes og Vestre Aker. I 1875 vart han styrer for det praktisk-teologiske seminar ved Det teologiske fakultet i Kristiania. Samstundes redigerte han 1875-77 Luthersk Kirketidende og 1877-90 Luthersk Ugeskrift.
År 1880 vart Heuch sokneprest i Uranienborg. Han var så biskop i Kristiansands stift (dagens Stavanger bispedømme og Agder og Telemark bispedømme) frå 1889 til han døydde i 1904.
Heuch møtte som varamann på Stortinget i 1890-sesjonen og fram til 7. mars 1891. Han representerte krinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger og var medlem av Høgre.
Heuch var ein framifrå predikant, og dyktig polemikar. I 1880-åra hadde han ei leiarrolle på den konservative sida, kring dei mange politiske og kulturelle stridsspørsmåla i tida. I skriftet Vantroens Væsen gjekk han mot allmenn røysterett og til angrep på radikalismen og hevda: «om radikalismen skulle seire så fullstendig at dens tanker ble eneherskende i folkets liv, da ville man ikke kjenne noen Gud i himmelen og derfor heller ingen objektivt gyldig og ubetinget lov på jorden. All autoritet ville være forsvunnet».
Opphavleg var Heuch høgkyrkjeleg, men fekk eit meir positivt tilhøve til lekmannsrørsla, særleg i 1890-åra.
Han døydde 1904 i Kristiansand.
Verk Vantroens Væsen. 1883 Kirken og Vantroen. 1888 Mod Strømmen. 1902 Svar. 1903
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972 Nissen, Bernt A.:Vårt folks historie. 1964
Kategori:Norske biskopar Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kragerø